Tilbod om skulefritidsordning blir gitt etter søknad for elever ved 1. -4. trinn, samt for elever med særskilte behov ved 5.-7. trinn.
De kan sjølv setja saman det tilbodet de ynskjer for eleven dykkar i SFO.
Plassen i SFO gjeld for eit skuleår, frå skulestart i august til skulestart i august neste skuleår. SFO følgjer skuleruta. Det må søkes om ny plass for kvart skuleår.
Søknadsfrist for oppstart i august, er 1.mars 2022.
Opningstid:
SFO har opningstid frå kl. 07.00 - kl. 16.30
Prisar i SFO
Pris på tilboda er pr. mnd. i 10 mnd. Feriepakke kjem i tillegg. Dersom ein plass blir oppsagt i løpet av skuleåret, må det betalast for plassen ut oppseiingsmånden, samt påfølgjande månad.
Prisane vert indeksjustert kvart år i januar, det kan difor koma endringar i prisane då.
Kjøp av enkelt dag
Brukarar av SFO har mulighet for kjøp av ekstra dagar. Det er eit eige søknadsskjema for dette.